Det er avslørt tilfelle av kampfiksing i fire nordiske land. Det går fram av ein rapport som pengespel-styresmaktene i Finland, Sverige, Norge og Danmark har utarbeidd.

Den nordiske rapporten vart i september overlevert til direktørane for lotteritilsyna i dei fire landa under ein årleg konferanse. Målet med rapporten er å avdekke omfanget av kampfiksing i Norden, og å vurdere kontrolltiltak og samarbeid for å hindre framtidig manipulering av idrettsresultat.

Speloperatørane

Rapporten har også kartlagt korleis nordiske speloperatørar jobbar for å førebyggje og avdekke kampfiksing.

– Dei nordiske landa har sjansen til å ta opp desse problema på eit tidlig stadium. På den måten kan vi vurdere tiltak som kan ivareta integriteten til sportsspela, og som kan hindre at spelarane blir utsette for manipulering av resultat, heiter det i ein felles uttale frå direktørane.


Mest i fotballen

Det er Finland, Sverige og Norge som har utarbeidd rapporten med Danmark i ei konsultativ rolle. Arbeidet med rapporten viste at det er påvist kampfiksing i alle dei fire landa. Flest tilfelle er funne i fotballen, men det er har også vore tilfelle av kampfiksing i idrettar som basketball, bandy og baseball.

Som ein konsekvens av rapporten vil utveksling av informasjon om kampfiksing heretter bli fast innslag på dagsorden når pengespel-styresmaktene i Norden har sine årlege møte.