Lotteritilsynet delt i to avdelingar
Frå 1. juni er Lotteritilsynet delt i to avdelingar – ei avdeling for pengespel og ei for frivilligheit. Stiftelsestilsynet held fram utan organisatoriske endringar.
Linda Vøllestad Westbye er tilsett som ny avdelingsdirektør i Lotteritilsynet pengespel, medan Elna Berge heretter er avdelingsdirektør for Lotteritilsynet frivilligheit.
Fleire arbeidsoppgåver
– På grunn av stadig fleire arbeidsoppgåver var det nødvendig med ei omorganisering i Lotteritilsynet. Vi kjenner oss trygge på at vi har valt ein modell som er tilpassa brukarane sine behov, og som legg til rettes for at vi kan drive effektivt og godt tilsyn, seier Bjørn Øen som er avdelingsdirektør i administrasjonen i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Lotteritilsynet pengespel har ansvaret for tilsynsarbeidet med dei statlege pengespela, forutan speleansvar og kontroll av marknaden til dømes av ulovleg marknadsføring, ulovlege pengespel og pyramidar. Denne avdelinga har for tida ti tilsette.
Lotteri, moms og grasrot
Lotteritilsynet frivilligheit skal jobbe med lotteriløyve og rekneskapskontroll, og skal også godkjenne entreprenørar og kontrollere bingosektoren. I tillegg skal denne avdelinga fordele momskompensasjon, både den alminnelege ordninga og moms på idrettsanlegg. Denne avdelinga har også ansvaret for tilsyn med Grasrotandelen. Lotteritilsynet frivilligheit har for tida 14 tilsette.