Kulturdepartementet har gitt Lotteritilsynet i oppdrag å utarbeide forslag til regelverk for landbasert turneringspoker.

Dette går fram av brev til Lotteritilsynet frå KUD. I mandatet skriv departementet at Regjeringa ønskjer å gi løyve til turneringspoker. Lotteritilsynet blir bedt om å utarbeide forslag til forskrift eller forskriftsbestemmelse som tillèt turneringspoker.

Følgjande skal leggast til grunn for arbeidet med nytt regelverk:

  • Turneringspoker skal berre kunne haldast i samband med bestemte meisterskap.
  • Turneringspoker skal avgrensast til landbasert verksemd, og skal ikkje tillatast som internettspel.

Lotteritilsynet skal også ta stilling til

  • kva slags meisterskap regelverket skal gjelde for
  • kva for lokale turneringspoker kan haldast i
  • innsats- og tapsgrenser
  • korleis inntektene skal fordelast til gode formål

Forslaget skal vere ferdig til 1. mars 2014.