Lovforslag opnar for NM i poker
Regjeringa opnar for at det kan arrangerast NM i poker med tre forskjellige pokerformer. Eit lovforslag om å tillate poker i Norge er difor no sendt til Stortinget.
I ei pressmelding skriv Kulturdepartementet at det også vil bli opna for inntil fem regionale kvalifiserings-turneringar før NM. Tidlegare har norske meisterskap i poker vore arrangert i utlandet.
Privat poker også lovleg
Regjeringa vil også legalisere poker i private pokerlag. Det er her ein føresetnad at slike pokerlag ikkje har eit organisert eller profesjonelt preg. I lovforslaget er det difor sett eit tak på ti deltakarar i private pokerlag, med eit maksimumsinnskot på 1000 kroner for kvar deltakar.