Løyve til nye lotteri
Regjeringa har bestemt at det skal gis løyve til inntil fem lotteri med 300 millionar kroner i årleg omsetnad. Det er Lotteritilsynet som vurderer søknadane og avgjer kven som får løyva. Det blir gitt løyve for ni år og det er samfunnsnyttige eller humanitære organisasjoner med betydeleg internasjonal verksemd som kan søke.
Lotteritilsynet skal fastsette søknadsfrist og offentleggjere korleis ulike krav og vilkår blir vurdert. Kunngjering og utlysing vil skje i løpet av dei neste vekene.
Regjeringa ønskjer klare og rettvise reglar som sikrar at omsyna bak einerettsmodellen blir ivaretatt. Les pressemeldinga til Kulturdepartementet – Opprydding i lotteriregelverket.
Hovudtrekka
Her er hovudtrekka i det nye regelverket:
- Lotteritilsynet skal avgjere lotterisøknader.
- Det kan bli gitt løyve til inntil fem lotteri med 300 millionar kroner i årleg omsetnad.
- Er det fleire enn fem søkjarar som kan fylle vilkåra i føresegna, vil dei fem løyva bli fordelte med loddtrekking.
- Løyva blir gitt for ni år.
- Utelukkande samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som har betydelig internasjonal verksemd kan søkje om å få løyve.
- Lotteria skal ikkje føre til at spelarane blir avhengige.
- Minst halvparten av omsetnaden, etter at gevinstane er trekte i frå, skal gå til formåla.
- Nye marknadsføringsreglar skal sikre godt vern for forbrukarane og hindre at reklame for desse lotteria fører til problematisk speleatferd. Dei nye lotteria kan ikkje ha marknadsføringskostnader på meir enn 15 % av omsetnaden når pengepremiane er trekte i frå.
Her kan du lese forskrift med endringar i reglane for lotteri (lovdata).