Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem
Lyoness må stanse all verksemd i Norge. I Lotterninemnda sin konklusjon står det:
«Lotterinmenda har kommet til at Lyoness sitt omsetningssystem rammes av lotteriloven § 16 andre ledd og er et ulovlig pyramidelignende omsetningssystem.»
«Lotteritilsynets vedtak 31. mai 2018 er ikke beheftet med saksbehandlingsfeil og er heller ikke uforholdsmessig. Lotterinemnda har ikke funnet grunn til å gi Lyoness adgang til å rette det ulovlige forholdet. Lyoness (Lyoness Europe AG og Lyoness Norway AS) skal stanse all virksomhet.»
-Vi er fornøgd med at Lotterinemnda har stadfesta Lotteritilsynets vedtak, og at dei avviser påstandane frå Lyoness om saksbehandlingsfeil. Lotterinemnda har gjort ei grundig vurdering av verksemda til Lyoness og konklusjonen er klar. Lotteritilsynet forventar no at Lyoness rettar seg etter vedtaket og stansar all verksemd i Norge, seier seniorrådgjevar i Lotteritilsynet Monica Alisøy Kjelsnes.
Lotteritilsynet konkluderte i vedtak 31. mai 2018 at Lyoness må stanse ulovleg pyramideverksemd i Norge.
Lyoness Europe AG og Lyoness Norway AS klaga vedtaket inn til Lotternimenda 21. juni 2018.
Lotterinemnda fatta vedtak 27. januar 2019 om ikkje å ta klagen til følge.