Lyser ut ein million til førebyggjande tiltak
Lotteritilsynet skal tildele inntil ein million kroner til tiltak som skal førebyggje pengespel- og dataspelproblem i sårbare grupper.
Organisasjonar eller andre som jobbar med førebygging på dei aktuelle områda kan søkje om tildeling av midlar. Midlane er eitt av tiltaka i Handlingsplanen mot speleproblem. Søknadsfristen er 1. september i år.
Nye målgrupper
– Med denne utlysinga ønskjer vi å nå organisasjonar som har andre målgrupper enn born og unge. Målet er å få ut informasjon mot sårbare grupper i spesielle sosial situasjonar som for eksempel studentar eller tilsette i utsette sektorar og yrke, seier Linda Vøllestad Westbye som er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet pengespill.
Tildelinga kan gå til ein aktør – eller delast mellom fleire. Midlane vil vere disponible i løpet av komande haust.