Fristen for å rapportere rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet for 2013 gjekk ut 1. juni. Difor har 1785 lag og organisasjonar med lotteriløyve i desse dagar fått purring med ny frist 8. august.

– Manglande rapportering blir rekna som eit alvorleg brot på lotterilova, og fører til at til at organisasjonen si godkjenning og lotteriløyve blir kalla tilbake eller sletta, seier seniorrådgjevar Tore Bell i Lotteritilsynet.

Kan miste inntekter

Organisasjonar som ikkje har sendt opplysningar får no eit førehandsvarsel. Her blir dei gjort merksame på at dei risikerer å miste godkjenninga som lotteriverdig organisasjon i eit halvt år.

Dette vil føre til at dei heller ikkje kan få løyve i den perioden. Dei vil også bli sletta frå Lotteriregisteret, men kan søkje om ny godkjenning når perioden er over.

Nokre blir sletta

Alle lag og organisasjonar med lotteriløyve er pålagde å sende forenkla rekneskapsopplysningar på fastsett skjema. Av ulike grunnar er det alltid ein del som ikkje rapporterer, og til slutt endar det med at ein del kvart år blir sletta frå Lotteriregisteret.

Rekneskapsskjemaet kan leverast via Lotteritilsynet sine nettsider. Stadig fleire leverer no opplysningane sine elektronisk. Av dei som hadde levert skjema innan fristen, var det vel 80 prosent som hadde levert elektronisk.

Dei som har rapportert på www.altinn.no eller sendt papirskjema etter fristen, men før førehandsvarselet blir motteke, kan sjå bort frå varselet.