Kulturdepartementet har vedteke ny forskrift for momskompensasjonsordninga. Den nye forskrifta gjeld frå 1. januar 2019.

Nytt regelverk

– Regjeringa har sagt at momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar skal forbetrast. Derfor innfører vi eit nytt regelverk for ordninga frå 1. januar 2019. Endringane vil gjere ordninga endå meir treffsikker, bidra til meir forenkling for organisasjonane, og sikre at midlane kjem organisasjonar som er basert på frivilligheit til gode, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Omfordeling  av midlane

Hovedendringa inneber ei omfordeling av midlar slik at små organisasjonar samla får litt meir og store organisasjoner samla får litt mindre. Dette grepet er det semje om i frivillig sektor.

Forslag til ny forskrift har vore på høyring og endringane er i tråd med fleirtalet av høyringsinnspela.

Sjå pressemelding frå KUD.

Les ny forskrift om meirverdikompensasjon for frivillige organisasjonar (Lovdata)