Momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar
Søknadsfristen for 2018 er ute, og det kom inn i alt 1725 søknader. Av desse søkjer 1327 etter forenkla modell, og 398 etter dokumentert modell.
Foreløpig søknadsbeløp er i år på 1,980 milliardar kroner. I 2018 er råma på 1,424 milliardar kroner.
Utbetaling i desember
Samla godkjent søknadsbeløp blir ikkje klart før alle søknadane er behandla. Først då vil vi vite kor mykje søkjarane får utbetalt etter avkorting. Saksbehandlinga blir ferdig i slutten av november og utbetaling skjer i midten av desember.
Sjå alfabetisk sortert oversikt over søkarar, eller sortert på søknadsbeløp.