Søknadsfristen for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg gjekk ut 1. mars.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått inn 537 søknader med eit søknadsbeløp på ca. 294 millionar kroner mot ca. 305 millionar kroner i fjor. Gjennomsnittleg søknadssum på kvart anlegg er i år på ca.  547 000 kroner mot ca. 625 000 kroner i fjor.

Fleire søknader i år

Det er 49 fleire søknader i år. Dette betyr litt lågare gjennomsnittleg beløp per søknad. Det er fleire store anlegg som har søkt i år, men totalkostnadane på anlegga er likevel gått ned med ca. 40 millioner kroner.

Sjå oversikt over søkarar og søknadsbeløp (mars 2019)

I 2019 er det løyvd 189,4 millionar kroner til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Endeleg godkjent søknadsbeløp og avkorting blir klart før sommarferien, etter at saksbehandlinga er ferdig.