Fristen for å søkje om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg var 1. mars. Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk i år inn 490 søknader, mot 512 i fjor.

Færre søknadar – høgare søknadsbeløp

Det kom inn færre søknader i år, men det totale godkjende søknadsbeløpet er likevel høgare enn i fjor. I alt 474 søknader er godkjende, og godkjent søknadsbeløp er til saman 304 002 686 kroner. Tilsvarande tal i fjor var 459 søknader og 169 302 568 kroner. I 2018 er 8 søknader avviste, og 8 søknader er trekte.

Samla totalkostnad på anlegga er på 1,9 milliardar kroner, mot vel 1,3 milliardar kroner i fjor.

Ikkje full kompensasjon

Alle som har fått godkjent søknaden får i 2018 avkorta det godkjente søknadsbeløpet med 6,251 %.

Utbetaling i juni

Utbetaling skjer i siste veka i juni
Sjå oversikt over søkjarar og godkjent søknadsbeløp for 2018.