Momskompensasjonen går til grasrota
17 863 frivillige lag og organisasjonar fekk 940 millionar kroner i momskompensasjon i 2013. Mesteparten av dette går til lokale lag og klubbar. Det viser den endelege oversikten for fordeling av momskompensasjon som no er klar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Har fått pengane
Pengane vart betalt ut til frivillige lag og organisasjonar i veke 50 som kompensasjon for kostnader til meirverdiavgift. Mange sentrale organisasjonar får utdelt momskompensasjonen på vegner av underledda sine, og kan no fordele midlane vidare.
Oversikten over alle organisasjonane som er med i ordninga viser kor mange lokale lag dei representerer, og kor store summar dei skal fordele.
60 prosent til lokale ledd
Dette viser at storparten av kompensasjonen går til det lokale nivået i organisasjon-Norge. Nesten 60 prosent går til lokal- og regionalledd, og 24 prosent til enkeltståande søkjarar som ofte også er lokalt baserte. Berre 16 prosent går til sentralledda. Dette er om lag som i 2012.
– I alt 182 sentrale organisasjonar er blant søkjarane, og saman med dei enkeltståande søkjarane representerer dei til saman nær 17 900 lag og foreiningar i det frivillige Norge. Det betyr at vi når over 1600 fleire enn i fjor, seier seniorrådgjevar Bjarne Hellem i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Auka rammer
Tildelinga i 2013 er over 320 millionar kroner større enn i 2012. Det betyr mindre avkorting, og at fleire får meir pengar enn før. Grunnen til dette er at ramma vart auka i 2013, og i Statsbudsjettet for 2014 er det foreslått å auke ramma for momskompensasjon endå meir, opp til 1,2 milliard kroner.
– Vi veit at det er ute i dei lokale lag og klubbar at mesteparten av det ulønte, frivillige arbeidet blir gjort. Vi kan såleis konstatere at ordninga med momskompensasjon til det frivillige Norge er ein suksess, seier Bjarne Hellem