Statistikken for Hjelpelinja for speleavhengige 1.  halvår 2014 syner ein nedgang talet på samtalar samanlikna med same periode i fjor. Det er størst nedgang for pengespel, men det har og vore færre samtalar om dataspel.

Same problemspel som før

Kasinospel, oddsspel og poker er framleis dei pengespela som oftast blir omtalt på Hjelpelinja, og i førstegongs- samtalene er dette hovudproblemspelet for høvesvis 34, 16 og 15 prosent av spelarane med pengespelproblem.

Flest menn

Som tidlegare er det flest menn som blir omtalt ved Hjelpelinja, og dei fleste spelar heimanfrå over Internett.

Les heile samtalestatistikken.