Solid auke i utdelingar, viser ny undersøking frå Stiftelsestilsynet. Stiftelsane hadde òg 4 millionar dugnadstimar og 100 000 frivillige.

-Undersøkinga viser at stiftelsane er med på å drive samfunnet framover, seier Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

Undersøkinga “Norske stiftelsars samfunnsbidrag” viser at norske stiftelsar delte ut minst 5,8 milliardar kroner i 2019 og 6 milliardar kroner i 2018. Førre gong dette vart undersøkt, i 2014, var talet 4 milliardar kroner.

-Dette er ein stor auke, og det viser at norske stiftelsar er ei stadig større økonomisk kraft i samfunnet. Trenden er at det blir færre stiftelsar i Noreg, men på same tid blir stiftelsane større i form av at dei har meir eigenkapital.

Frivillig innsats kartlagt for første gong

Stiftelsane svarer at dei hadde nær 4 millionar dugnadstimar, og 100 000 frivillige i 2019.

-Frivilligheita er ein viktig bærebjelke i det norske samfunnet, og vi ser at norske stiftelsar er ein viktig del av dette. Det er første gong vi undersøker frivillig innsats blant stiftelsar.

Når det gjeld frivillige har 45 prosent svara at tala dei gav opp er estimat, medan 62 prosent har svart det same når det gjeld dugnadstimar.

-Frivillig innsats er ikkje like enkelt å talfeste som utdeling av pengar til dømes, men undersøkinga gir eit klart bilde av at mange stiftelsar òg skaper verdiar på denne måten.

Mest til kultur og idrett

Kultur og idrett er den største målgruppa, både når det gjeld stiftelsane som driv aktivitet og stiftelsane som deler ut pengar. Det vart delt ut 1,7 milliardar kroner til formål innanfor kultur og idrett i 2019, og nesten 900 stiftelsar hadde aktivitetar innanfor kultur og idrett.

Andre store formål er samfunn, utvikling og sosiale tiltak, humanitært arbeid og bistand og forsking.

-Vi ser at stiftelsar på grunn av den frie stillinga si kan bidra til å innovere offentlege og private tenester gjennom å spisse tema, satsingar og nye former for samarbeid. Det stiftelsane gjer kjem samfunnet til gode, seier Heggedal Longvastøl.

Spørjeundersøkinga vart sendt ut til alle norske stiftelsar i januar 2020, og 4525 svarte. Det er rundt 6500 stiftelsar i Noreg, så det utgjer ein svarprosent på nær 70 prosent.

Les meir om undersøkinga.