I 2014 skal Stiftelsestilsynet gjennomføre ei temaundersøking om fast eigedom i stiftelsar. Som førebuing til denne blir det i desse  dagar gjennomført ei delundersøking for å avklare ein del forhold i samband med bokførde verdiar og heimel i fast eigedom.

Melding går ut i veke 2

Informasjon om delundersøkinga er sendt ut medio veke 2/2014 til ca 400 stiftelsar. Desse utvalde stiftelsane hadde ved siste avlagde rekneskap bokførde verdiar i posten for tomt/bygningar samtidig som dei ikkje har registrert heimel til grunn/feste eller har burettslagsandelar.

Undersøkinga er nettbasert, og tek berre ca eitt minutt å gjennomføre. Det er obligatorisk å svare, og fristen er 21. januar.

Stiftelsar som har fått melding om å delta, kan følgje denne lenka for å opne undersøkinga.