Nye e-skjema i Altinn
Vi gjer grep for å tilby våre brukarar dei same tenestene på nett, som dei har på papir. Lotteritilsynet lanserer i dag to nye tenester i Altinn.
Tidlegare har vi hatt 12 ulike søknads- og rapporteringsskjema for lotteriområdet tilgjengelige i papirformat. Berre eit av desse har vore tilgjengelig som e-skjema i Altinn.
Frå i dag blir alle papirskjema tilgjengelige også som e-skjema i Altinn. Forskjellen er at brukaren vil nytte seg av to inngangar, eit søknadsskjema og eit rapporteringsskjema.
Søknadsskjema
Brukarane kan no bruke Altinn-søknadsskjemaet (Lotteri-0002) når dei skal søke om:
- Godkjenning som lotteriverdig organisasjon
- Autorisasjon som entreprenør
- Løyve til å arrangere foreiningsbingo
- Løyve til å arrangere entreprenørbingo
- Løyve til å arrangere TV- og radiobingo
- Løyve til å arrangere lotteri over kroner 200.000,-
Kva søknadsfristar som gjeld og kva vedlegg som skal leggast ved søknaden blir informert om på våre nettsider. No får i tillegg brukarane rettleiing i Altinn om kva vedlegg som skal leggast ved i sjølve søknadsprosessen.
Rapporteringsskjema
På same måte kan brukarane nytte det same rapporteringsskjemaet (Lotteri-0003) når dei skal rapportere for lotteri og bingo. Kva fristar som gjeld og kva vedlegg som vert kravd, vil variere ut i frå kva type lotteri eller bingo det gjeld.
Lotteri- og stiftelsestilsynet satsar medvite på digitalisering og vi ser heile tida etter gode tenester for våre brukarar. Det skal framleis vere mogleg å søke på papir for dei brukarane som ønskjer det.