Nye funksjonar i Stiftelsesregisteret
No er det lettare for stiftelsane, media og samfunnet elles å gjere søk i Stiftelsesregisteret. Du kan blant anna finne stiftelsar i eit geografisk område, sjå kva kapital ein stiftelse disponerar eller finne statistikk om stiftelsesektoren. Tredje versjon av Stiftelsesregisteret er lansert med desse nye funksjonane.
- Grupperte spørringar som til dømes: Aktive eller sletta stiftelsar, geografisk område, kor tid stiftelsen vart registrert, kva kapital stiftelsen disponerar, adresse, stiftelsar innan ein bestemt sektor.
- Tal saker til behandling.
- Opplysningar om registrering i andre registre.
Første versjon kom i 2010 og du kunne då søke på kontaktopplysningar, roller og vedtekter i PDF-format. Andre versjon vart lansert i 2013 og hadde grupperte opplysningar om styret og ikkje minst maskinelt søkbare vedtekter.
Større brukarfokus
Vi utviklar Stiftelsesregisteret for å gjere det betre for brukarane våre. Dette er i samsvar med overordna strategi i offentleg forvaltning om opne data og digitalisering.
Vi har enno større brukarfokus enn tidlegare. Det ser du igjen på ny funksjonalitet og at registeret har tilpassa seg dei fleste av Difi sine krav til kvalitet på nett og digitale tenester.
Prøv eit søk i Stiftelsesregisteret.