Nye landsomfattande lotteri – status etter klagehandsaming
Lotterinemnda har handsama klagen frå tre av søkjarane om nye lotterikonsept. Nemnda har avgjort at to av sakene blir sende tilbake til Lotteritilsynet for ny behandling, mens ei blir endeleg avvist.
Åtte søkjarar
Totalt kom det inn åtte søknader om å få starte nye landsomfattande lotteri. To av desse vart godkjende i første runde, tre vart godkjende etter ny behandling i Lotteritilsynet, og dei tre siste vart sende over til Lotterinemnda. Sjå oversikt over søkjarane og saksstatus.
Ny behandling
Resultatet av behandlinga i Lotterinemnda er no klart. Ein av søknadane (Flyktningehjelpen, Norsk Folkehjelp og Atlasalliansen) er endeleg avvist, mens dei to andre (Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet) og (Right to Play) blir returnert for ny behandling i Lotteritilsynet. Grunngjevinga er at Lotterinemnda er usamd med Lotteritilsynet i tolkinga av forskrifta som regulerer desse lotteria.
Avklaring til hausten
Lotteritilsynet vil no gjere ei ny grundig vurdering av søknadane og Lotterinemnda sine merknader. Nytt vedtak frå Lotteritilsynet er venta i løpet av september månad.
Meir informasjon om klagesakene finn du på Lotterinemnda sine nettsider.