For å leggje til rettes for ei praktisk gjennomføring av sakshandsaminga av nye lotterikonsept, vil testing av utstyr kunne gjennomførast etter at søknad er innsend.

På bakgrunn av dette har vi lagt opp til at det i den rapporten frå testinstituttet, som skal liggje ved søknaden, er tilstrekkelig at instituttet har gjort dei vurderingane som er spesifiserte i punkt 4a- 4e i dei tekniske krava. For denne rapporten er det også tilstrekkeleg at testinstituttet sine vurderinger av desse krava blir gjort  ved gjennomgang av tilsend dokumentasjon for lotteriet.

Krav om ny test

I løyvet til dei lotteri som på søknadstidspunktet ikkje har fått utført fullstendig testing, vil det blir stilt vilkår om at det må gjennomførast ny test før lotteriet kan setjast i drift. Det må då sendast inn ein ny testrapport som dokumenterer at testinstituttet både har fått tilgang på dokumentasjon og utstyr, og at instituttet har testa og vurdert lotteriet opp mot alle tekniske krav. Lotteritilsynet vil så vurdere om alle tekniske krav er oppfylte.

Vi legg då opp til følgjande prosedyre:

  1. Søkjar utarbeider søknad.
  2. Søkjar inngår avtale med testinstitutt, og sender dokumentasjon til instituttet.
  3. På bakgrunn av innsend dokumentasjon vurderer testinstituttet dei tekniske krava i punkt 4a-4e.
  4. Søkjar sender søknad til Lotteri- og stiftelsestilsynet innan 1. september. Dersom testrapporten ikkje er klar 1. september, kan søkjar ettersende denne. Tilsynet må uansett ha motteke testrapporten innan 15. september.
  5. Tilsynet handsamar søknadene.
  6. I dei tilfella der det ved innsending av søknad ikkje er blitt utført testing av utstyr, vil det i løyvet bli stilt vilkår om at det må gjennomførast ny testing. Testrapporten må sendast til tilsynet.
  7. Tilsynet vurderer om dei tekniske krava er oppfylte, og gir klarsignal for dei lotteria som kan setjast i drift.

Ta kontakt med Lotteritilsynet dersom de har spørsmål om søknadsfrist og test.