Lotteritilsynet bidrar i eit nytt nettkurs om pengespelproblem retta mot arbeidslivet.

Kurset er eit samarbeid mellom Akan, KoRus-Øst og Lotteritilsynet. Vi ser eit stort potensiale til å nå ut med informasjon gjennom nettkurset.

Formålet med kurset er

  • å lære leiarar og tilsette korleis førebygge og handtere pengespelproblematikk på arbeidsplassen.
  • gjennom auka kunnskap – styrke leiarar og medarbeidarar til å reagere og handle så tidleg som mogleg.
  • å motivere til rett behandling så tidleg som mogleg​.

Målgruppa er dei som har ei nøkkelrolle i organisasjonars arbeidsmiljø og personalarbeid.

Lars Petter Degnepoll

Lars Petter Degnepoll

-Lotteritilsynet bidrar med oversikt over pengespel og problem knytt til pengespel. Vi gir også oversikt over den norske marknaden, kva spel som kan skape problem og verktøy for å kunne spele ansvarleg, seier seniorrådgjevar Lars Petter Degnepoll.

 

Meir informasjon om kurset finn du på Akan sine nettsider.