Nytt verktøy for å stoppe marknadsføring av ulovlege pengespel
Lovendringane vil gje Medietilsynet høve til å pålegge netteigarar og nettdistributørar å hindre tilgangen til reklame for ulovlege pengespel. Lotteritilsynet skal samarbeide med Medietilsynet i arbeidet.
Rekrutterer via reklame
Det er i dag ei massiv mengde med slik reklame på norske TV-skjermar, sjølv om det ikkje er lov. No får myndigheitene eit kraftigare verktøy i arbeidet for å stoppe den ulovlege reklamen.
Dei ulovlege pengespelselskapa brukar tv-reklame til å gjere seg synlege og rekruttere nye kundar. Deretter pleier dei kundane med direkte og meir aggressiv kommunikasjon på e-post og SMS. Slik er dei med på å normalisere dei mest aggressive spelformene via nettet. Og det bidrar også til å oppretthalde og legitimere eit ulovleg tilbod.
6 av 10 nordmenn veit ikkje, eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel i Norge. Den nye befolkningsundersøkelsen som vart lagt fram denne veka viser at 55 000 nordmenn har problem med spel og at 122 000 er i faresona for å få det.
Fleire verkemiddel i vente
Undersøkinga viser også at for å forebygge speleproblem vil endringa i kringkastingslova vere viktig. Andre viktige verkemiddel er forbodet mot å formidle pengar til og frå ulovlege spelselskap. Ei DNS-varsling som gir spelarane melding om at dei er i ferd med å spele hos eit ulovleg spelselskap er også på trappene.