Regjeringa ønskjer å opne for fleire private lotteri. Vurderinga av slike søknader kan i framtida blir gjort av Lotteritilsynet.

I januar vart det bestemt at endringar i lotteriforskrifta skal ut på høyring. Ifølgje Kulturdepartementet er målet klarare og meir eintydige reglar for private lotteri.

Den 22. januar fekk Kulturdepartementet eit brev frå ESA der det vart stilt spørsmål ved om organiseringa av den norske lotterimarknaden er i tråd med EØS-avtalen. Regjeringa har frist til 22. mars for å svare ESA , og dette fører til at dei planlagde endringane i lotterireglane vil ta litt lenger tid.

Les pressemelding frå Kulturdepartementet.