Over 1900 har søkt momskompensasjon
Frivillige lag og organisasjonar har søkt om over to milliardar kroner i momskompensasjon.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har mottatt 1912 søknader i 2019. Foreløpig søknadsbeløp er 2,062 milliardar kroner. I 2019 er råma på 1,608 milliardar kroner.
Utbetaling i desember
Samla godkjent søknadsbeløp blir ikkje klart før alle søknadane er behandla. Først då vil vi vite kor mykje søkjarane får utbetalt. Dersom råma gitt av Stortinget ikkje er stor nok til å dekke det godkjente beløpet for alle søkarane, blir alle beløp redusert med same prosentsats. Saksbehandlinga blir ferdig i slutten av november og utbetaling skjer i midten av desember.
I år søkte 1529 etter forenkla modell og 383 etter dokumentert modell.