Over 20 000 problemspelarar her i landet
22 000 nordmenn er i dag problemspelarar, og det er litt færre enn det som er målt det siste tiåret. Over 10 000 vaksne nordmenn deltok i undersøkinga som er den største i sitt slag om pengespelproblem i Norge.
Talet på problemspelarar kjem fram i ei ny befolkningsundersøking om pengespel- og dataspelproblem som Lotteritilsynet har offentleggjort. I tillegg til problemspelarane er 89 000 moderate risikospelarar, medan 289 000 er lågrisikospelarar.
Problema rammar mange
– Det er svært gledeleg at talet på problemspelarar er redusert dei siste åra. Samstundes skal vi ha respekt for at tusenvis slit med følgjene av pengespel, og vi må ikkje gløyme at slike problem rammar andre som står nær problemspelarane, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Undersøkinga viser også at mange norske spelarar er positive til at det blir brukt tapsgrenser og andre tiltak for å gjere pengespel meir ansvarlege. Direktør Atle Hamar gler seg over at mange norske spelarare stiller seg positive til at styresmaktene ønskjer å tilby ansvarlege pengespel. Det blir gjort for eksempel ved å setje tapsgrenser som spelaren i ein del tilfelle kan setje sjølv.
Norge er i front
– Norge er heilt i front i bruken av slike verktøy som skal forebyggje at spelarar utviklar uheldig speleåtferd. Befolkningsundersøkinga stadfestar at vi har lykkast i å føre ein ansvarleg spelpolitikk her i landet, seier Atle Hamar.
Det er Universitetet i Bergen, under leiing av professor Ståle Pallesen, som har laga befolkningsundersøkinga for Lotteritilsynet. Den vart gjennomført før Norsk Tipping lanserte sine Instaspill på nettet i januar i år. Lotteritilsynet har som mål å følgje opp med ei tilsvarende undersøking for å følgje utviklinga i speleåtferd og problemspeling.
Undersøkinga gir også ny kunnskap om effekten av pengespelreklame. Eitt av funna viser at risiko- og problemspelarar brukar meir penger og spelar med høgare risiko som følgje av reklame.
Mange brukar sosiale medium
Undersøkinga viser også at 22,9 prosent har spet pengespel via sosiale medium. Dette er oftast blant kvinner og unge, og nesten ti prosent hadde kjøpt kredittar på Facebook eller andre virtuelle pengar for å bruke i spel.