Aktuelt
Fleire søkjer momskompensasjon
Det kom inn 1343 søknader om momskompensasjon i 2015. Dette er 154 fleire enn i 2014, ein auke på 13 %. Også søknadsbeløpet har auka med 116 millionar kroner samanlikna med i fjor. Søknadsbeløpet er i år på 1,598 milliardar kroner. Søknadsramma er på 1,232 milliardar kroner. – At vi har…
Les heile saka
Unge og vaksne skal lage avtalar om speling
Norske barn brukar i gjennomsnitt nesten to timar på spel kvar dag, og all denne spelinga er ofte ei kjelde til bekymring og krangel i heimen. Ein ny landsomfattende kampanje skal redusere risikoen for at barn og unge får alvorlege speleproblem. Kampanjen oppfordrar skular og familiar til å snakke om…
Les heile saka
Medlemmar av Stiftelsesklagenemnda er oppnemnde
Medlemmar av Stiftelsesklagenemnda vart oppnemde i statsråd 18. september 2015. Sjå pressemelding frå Kulturdepartementet. Nemnda er klageinstans for enkeltvedtak gjort av Stiftelsestilsynet. Klagenemnda skal behandle klagesaker etter stiftelseslova, i tillegg til andre saker som fell inn under Stiftelsestilsynets område. Fram til 1. juli 2019 er Stiftelsesklagenemda samansett…
Les heile saka
Brukarundersøkinga 2015 er i gang
Lotteri- og stiftelsestilsynet gjennomfører ei ny brukarundersøking i haust. Omlag 10.000 av brukarane våre blir i midten av september kontaka på e-post med oppmoding om å svare på undersøkinga. Det er Epinion Norge AS som gjennomfører undersøkinga for oss, og dei som får e-post no er eit utval av stiftelsar og…
Les heile saka
Åtvarar mot ulovleg marknadsføring av folkeandelen
Fleire lag og organisasjonar har den siste tida blitt kontakta av Spilleautomater.com med tilbod om å ta del i det dei kallar for folkeandelen. Dette er ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel og vi sendte i juli ut brev der vi ba selskapet stanse denne verksemda. Lag og organisasjonar som…
Les heile saka
Ulovleg reklame inn bakvegen
Norske redaktørar må vere på vakt og ikkje la seg bruke av utanlandske spelselskap. Det skriv direktør Atle Hamar i ein kronikk i Dagens Næringsliv tysdag 15. september. Å sleppe til på redaksjonelle flater er blitt ein viktig strategi for å omgå reklameforbodet. Fleire oppslag i Dagens Næringsliv dei…
Les heile saka
123,8 millionar i idrettsmoms er fordelt
Lotteri- og stiftelsestilsynet sender i dag ut svar på søknad om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Det er fordelt 123,8 millionar kroner i kompensasjon. I år får søkjarane ei avkorting på 28 % av den godkjente søknadssummen. Godkjent søknadsbeløp var på totalt 171,9 millionar kroner. Av dei 451 som søkte…
Les heile saka
Nye lotteriløyve – åtte har søkt
Innan fristen 1. september kom det inn åtte søknadar på dei nye lotteriløyva som vart lyste ut i april 2015. Bak desse søknadane står det tilsaman 14 organisasjonar og 7 entreprenørar. Kulturdepartementet vedtok i februar 2015 endringar i mellom anna § 7 i forskrift til lov om lotterier…
Les heile saka
Søknadsfrist for bingospel er 15. oktober 2015
Entreprenørar og foreiningar som ønskjer å arrangere bingo frå 1. januar 2016 må søkje Lotteritilsynet om løyve innan 15. oktober. Lotteritilsynet har sendt informasjon til bingoentreprenørar og foreiningsbingoar med opplysningar om korleis søknadsprosessen for bingo vil vere hausten 2015. Informasjonsskrivet les du her. Søknadsskjema finn…
Les heile saka