Fleire lag og organisasjonar har den siste tida blitt kontakta av Spilleautomater.com med tilbod om å ta del i det dei kallar for folkeandelen.

Dette er ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel og vi sendte i juli ut brev der vi ba selskapet stanse denne verksemda.

Lag og organisasjonar som inngår eit samarbeid med denne typen spelselskap og marknadsfører selskapet kan sjølv bli holdt ansvarleg for å bryte maknadsføring- og formidlingsforbodet.

Blir du kontakta av Spilleautomater.com ber vi deg avvise tilbodet og varsle oss om henvendinga via vårt tips-skjema.