Ryttar må stoppe ulovleg marknadsføring av pengespel
Lotteritilsynet har gitt montérytteren Malin Berås pålegg om å stoppe all ulovleg marknadsføring og formidling av pengespelselskapet LeoVegas som ikkje har løyve til å tilby eller marknadsføre pengespel i Norge.
Dersom ikkje markedsføringa er avslutta innan 9. juni, risikerer Malin Berås ei dagmulkt på 5000 kroner. Lotteritilsynet har bedt om at følgjande marknadsføring blir stoppa:
- Malin Berås må fjerne ein annonse med aktiv lenke til LeoVegas på si eiga nettside – pålegget omfattar også Spesialisten AS som eig domenet til nettsida.
- I tillegg krev Lotteritilsynet fjerna innlegg om, og aktive lenker, til LeoVegas og arrangementet «Vegas Party» på Berås si nettside og tilhøyrande blogg, forutan på Facebook og Twitter.
- Ho må dessutaen fjerne LeoVegas sin logo på utstyr som blir nytta under ritt ho deltar i- og på ein bil ho disponerer for spelselskapet.
- Malin Berås og Ballroom Gruppen må stoppe det planlagde arrangementet «Vegas Party» i Oslo 13. juni.
Er ambassadør for selskapet
Lotteritilsynet har i si vurdering lagt vekt på at Malin Berås er ambassadør for LeoVegas, og at formålet med den aktivitet ho driv synest å vere å fremje omsetninga til LeoVegas i Norge. Vidare har vi lagt vekt på at ein ikkje uvesentleg del av publikum oppfattar verksemda ho driv som pengespelreklame, og at denne er eigna til å påverke nordmenn sitt val av pengespel.
Malin Berås, Spesialisten AS og Ballroom Gruppen vart i brev den 21. mai i år varsla om at Lotteritilsynet ville fatte vedtak dersom den ulovlege markedsføringa ikkje vart stoppa. Det vart den ikkje, men nettsida til Malin Berås er flytta til eit dott com-domene. Lotteritilsynet seier i vedtaket at forbodet mot marknadsføring også rammar innhaldet på utanlandske nettsider dersom sida har eit innhald som er retta mot Norge. I dette tilfellet er nettsida dessutan driftet av ein norsk statsborger som bur her i landet.