Lotteritilsynet skal utgreie kva konsekvensar ei lisensordning kan få når det gjeld speleproblem og kriminalitet. Les pressemeldinga til Kulturdepartementet her.

Kulturministeren fekk i dag overlevert rapporten «Utredning av økonomiske konsekvenser av en mulig lisensordning for pengespill» frå Rambøll Management Consulting. I rapporten utgreier Rambøll moglege økonomiske konsekvensar ved ei eventuell innføring av lisensordning, for delar av pengespelmarknaden i Norge.