Statistikken for Hjelpelinja for speleavhengige viser berre små endringar i første halvår samanlikna med same periode i fjor. Talet på samtalar om pengespel er om lag uendra, og samtalar om dataspel som ikkje er pengespel har auka med 9 %.

Kasinospel, oddsspel og poker er framleis dei pengespela som oftast blir omtalt på Hjelpelinja, og i førstegongs- samtalene er desse hovudproblemspelet for høvesvis 37 %, 12 % og 11 % av spelarane med pengespelproblem.

For kasinospel har talet på samtaler auka også gjennom det siste halvåret. Talet på samtaler der oddsspel eller poker er hovudproblemspelet er redusert samanlikna med første halvår 2012. Samtaler om hestespel, bingospel og spel på multixterminalar er også redusert.

Les statistikken for 1. halvår 2013.