Dei første utbetalingane i krisepakken for korona- avlyste, stengde eller utsette arrangement kjem i dag.

Arrangørar  i frivillig- , kultur- og idrettssektore  som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følge av råd eller pålegg frå styresmaktene i samband med  koronaviruset kunne søke om kompensasjon. Ramma for ordninga er på 700 millionar kroner, og ordninga gjeld arrangement i perioden 5. mars til og med 30. april.

2254 søkarar søkte om 372 millionar kroner.

– Målet har vore å få ut pengar så raskt som mogleg. Fordi søknadsbeløpet ikkje vart større enn ramma for ordninga har vi moglegheit til å dele opp utbetalingane. I dag kjem første pulje, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

1519 søkarar får utbetalt over 118 millionar kroner i dag. 386 søknader er framleis under arbeid.

– Nokre søknader vil vi bruke meir tid på, utan at det ligg noko dramatikk i det. Det kan til dømes vere fordi søknadsbeløpet er stort, seier Hamar.

Av søknadane som er klare fekk 345 avslag. Eit fleirtal av desse er under minstegrensa på 25 000 kroner. Det er også ein del som har fått avslag fordi dei har søkt om å få kompensert andre inntektstap enn tapt billettinntekt og deltakaravgift.

Her kan du sjå liste over søknader som er godkjent, avslått, trekt og under arbeid.

Les meir om nøkkeltal for krisepakken her.