Stiftelsestilsynet deltar i internasjonalt samarbeid
Erfaringsutveksling og kunnskapsdeling
European Foundation Centre (EFC) er ein medlemsorganisasjon for stiftelsar i Europa. Dei jobbar for stiftelsar sine interesser og har eit nettverk av medlemmer i over 30 land, inkludert Norge. EFC vil styrke stiftelsane gjennom erfaringsutveksling og kunnskapsdeling og auke merksemda rundt stiftelsane sine bidrag til samfunnet. Dette grensar til Stiftelsestilsynets arbeid med kunnskapsdeling og synleggjering av stiftelsane sitt samfunnsbidrag. Donors and Foundations Networks in Europe (Dafne) er eit nettverk av donorer/givarar og stiftelsesforeiningar i Europa, og har medlemmer i 28 land.
Ny publikasjon
I samband med Dafne og EFCs nye publikasjon som kartlegg lovverket som stiftelsar må følgje i fleire europeiske land, er Stiftelsestilsynet spurd om å bidra som nasjonal ekspert på stiftelsesområdet. I samarbeid med Skatteetaten har vi bidrege med informasjon om stiftelsesrettslege og skatterettslege reglar som gjeld for stiftelsar i Norge. Dette har vore eit spennande arbeid. I EFCs publikasjon kan du i landprofilen for Norge lese om gjeldane lovverk for stiftelsar når det gjeld skatt, både for kapitalgjevarar og stiftelsen sine inntekter m.m. Vi forklarar også dei råmene lovverket set rundt mellom anna oppretting av stiftelsar. I publikasjonen blir litt av utviklinga og trenden innenfor stiftelsesfeltet omtalt.
Stiftelse som organisasjonsform
Stiftelse er ei gammal organisasjonsform som har bidrege til å forme samfunnet vårt. Med eit godt formål og tilgjengeleg kapital blir stiftelsar danna for å skape ein forskjell i samfunnet, og organisasjonsforma står sjeldan i fokus.
Lover og reglar som gjeld for norske stiftelsar er med på å sette ramma for oppretting og forvaltning av stiftelsar. Ofte kan interessa eller kunnskapen om stiftelsesforma bli opplevd som smal i samfunnet generelt. Difor er det viktig for oss å informere og dele kunnskap om organisasjonsforma, også internasjonalt. Stiftelsestilsynet samarbeider med fleire som jobbar i stiftelsesfeltet og er også ein relevant samfunnsaktør i Europa.
Strategisk samarbeid
Fordelen med samarbeid på tvers av landegrenser er at ein får gjensidig kunnskapsdeling. Samtidig ser vi Norge og arbeidet vi gjer i et større perspektiv. Denne typen arbeid kan også skape rom for refleksjon og utvikling. Sidan Stiftelsestilsynet starta å registrere stiftelsar, har talet på stiftelsar i Norge vore minkande, men samla egienkapital har auka betydeleg.
Vi ser at det er auka interesse for stiftelsane sitt samfunnsbidrag både nasjonalt og internasjonalt. Vårt inntrykk er at stiftelsane sjølve også er meir opptekne av dette og ønskjer å vise at dei gjør ein forskjell i samfunnet. Strategisk samarbeid er difor viktig for å styrke stiftelsane og synleggjere deira samfunnsbidrag.
Her kan du lese om heile prosjektet: Legal environment for philanthropy in Europe.
Og i EFC sitt virtuelle bibliotek kan du lese om «Comparative highlights of foundation laws».