Stiftelsestilsynet spør alle stiftelsane i Noreg i ny temaundersøking. – Vi veit at stiftelsar er betydelege bidragsytarar i det norske samfunnet. No vil vi ha meir og breiare kunnskap om dette, seier avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl.

Det er rundt 6600 stiftelsar i Noreg. Norske stiftelsar bidreg med hjelp til utsette grupper, idrett, kultur, sysselsetting, forsking og mykje meir. Nokre delar ut pengar, og nokre er næringsdrivande.

– I undersøkingar vi har gjort tidlegare har vi først og fremst kartlagt kor mye pengar stiftelsar deler ut til ulike formål. Dette er viktige bidrag, men norske stiftelsar bidreg på mange andre måtar også. Difor vil vi no gå breiare ut, og samle kunnskap om alle stiftelsar sine bidrag.

Viktig å synleggjere

Siw Heggedal Longvastøl er avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet

Stiftelsestilsynet sitt samfunnsoppdrag er å sikre trygge stiftelsar. Då er det viktig å ha kunnskap om landskapet.

– Som tilsyn jobbar vi stadig med å ha best mogleg kunnskap om området vi er til for. I tillegg er ein viktig del av oppgåva vår å synleggjere for resten av samfunnet korleis stiftelsane bidreg.

For det er det ikkje alle som veit. 4 av 10 nordmenn svarar at dei ikkje veit om norske stiftelsar er viktige for samfunnet eller ikkje, viser ei undersøking Respons Analyse har gjort for Stiftelsestilsynet. 5 av 10 meiner stiftelsar er viktige for samfunnet, og 1 av 10 meiner dei ikkje er det.

– Mange er kanskje i kontakt med stiftelsar fleire gongar utan at dei veit at det er ein stiftelse. Det kan vere alt frå festivalar til stiftelsar som hjelper ulike grupper.

– Håpar alle svarar

Undersøkinga er sendt ut 02. januar 2020.

– Vi håpar sjølvsagt at alle svarer så vi får eit bilete som er så fullstendig som mogleg. Og så håpar vi at også stiftelsane ser det som positivt at vi no gjer ei såpass brei kartlegging. Her får dei sjansen til å vise korleis dei bidreg.

Stiftelsar som har fått undersøkinga og melding om å delta via Altinn, kan også følge denne lenka for å opne undersøkinga.

Her kan du finne undersøkinga i PDF.

Dersom du skal svare på undersøkinga og har spørsmål kan du kontakte oss på undersokelse@lottstift.prod.dekodes.no eller telefon 57 82 80 00.

Oppdatert 16. mars 2020: Undersøkinga er avslutta og lenka fjerna.