Fleire enn tidlegare har i år søkt om kompensasjon for moms på idrettsanlegg. Søkjarane må difor rekne med å få ei større avkorting på summen dei har søkt om.

Tidlegare har det ikkje vore avkorting med unntak av 2012 da avkortinga var ti prosent.

Førebels oversikt viser at det er kome inn over 300 søknader, og det er søkt om kompensasjon for i alt ca. 120 millionar kroner. Det er for i år løyvt 55 millionar kroner til ordninga.

Sakshandsaming av søknadene pågår, og den endeleg godkjende søknadssummen vil bli klar i løpet av august. Organisasjonar som får godkjent søknaden sin kan vente utbetaling i slutten av august.