Tar for lett på straffbare forhold i stiftelsar
Som eit ledd i vår satsing på områdekunnskap har vi lagt fram ein rapport om straffbare forhold i stiftelsar. Den viser at i all hovudsak blir ikkje desse sakene tatt alvorlig nok av politi og påtalemakter.
28 melde, sju domfelte
Dei siste fire åra har Stiftelsestilsynet meldt 28 moglege straffbare forhold til politiet. Mange av desse sakene blir først etterforska etter at vi har påklaga at saka vart lagt vekk. Sakene som er meldt til politiet gjeld i all hovudsak lovbrot knytt til rekneskapslova og bokføringslova, samt straffelovas bestemmelsar om økonomisk utroskap og underslag. Førebels er sju personar blitt domfelt i desse sakene, 11 personar har fått forelegg, ein person har fått påtaleunnlating og to saker er lagt vekk. 11 av sakene er enno ikkje avgjort.
Dialog med Økokrim og politi
Stiftelsestilsynet har som oppgåve å melde frå til politiet om moglege straffbare forhold i stiftelsar. Arbeidet starta i 2009, då dei første sakene vart utarbeidd og meldt til politiet. I arbeidet med å avdekke moglege straffbare forhold i stiftelsar har tilsynet hatt god dialog med Økokrim og enkelte politidistrikt.