Stiftelsestilsynet gjennomfører no ein større temakontroll blant dei største bustadstiftelsane her i landet. Resultatet blir presentert i ein rapport til hausten.

Temakontrollen omfattar stiftelsar som har minst 20 bustader som dei leiger ut. Totalt er det ca. 200 stiftelsar som er med i undersøkinga.

Bustadstiftelsane forvaltar store verdiar, og det er viktig at ikkje eigedomsmassen forfell. Difor er vedlikehald av bustadmassen eit sentralt tema i kontrollen. Det same gjeld om bustadene blir leigde ut til marknadspris eller ikkje.

Stiftelsestilsynet gjennomfører ein slik stor temakontroll annakvart år. Siktemålet er å auke kunnskapen om sentrale delar av stiftelsesmarknaden her i landet slik at det kan førast eit betre og meir effektivt tilsyn.

Tidlegare er internkontrollen i stiftelsar kartlagt i temakontroll, og for to år sidan kartla vi omfanget av utdelingar norske stiftelsar står for til sentrale samfunnsområde her i landet.