Tilsyn med grasrotmottakarar
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal føre tilsyn med at mottakarar av Grasrotandelen følgjer regelverket som gjeld på dette området. Vi har difor sett i verk ein stikkprøvekontroll av eit utval organisasjonar som er registrert som grasrotmottakarar i Frivillighetsregisteret.
Femti organisasjonar har fått brev
I midten av februar 2014 sende vi brev til omlag femti organisasjonar der vi ber om å få tilsendt diverse dokumentasjon.
Dette ber vi om
- Eigenerklæring om organisasjonen si verksemd.
- Vedtekter.
- Siste godkjente og signerte årsrekneskap.
- Siste godkjente og signerte årsmelding.
- Siste godkjente og signerte revisjonsmelding.
- Årsmøteprotokoll eller protokoll frå siste årsmøte/øvste styrande organ.
Fristen for svar er sett til 5. mars 2014.