TV-kanalane Fox og National Geographics har slutta å sende ulovleg reklame for pengespel til Norge.

Dette skjer etter at Medietilsynet i samarbeid med Lotteritilsynet tok kontakt med mediemyndigheitene i Storbritannia, Spania og Nederland tidligare i haust og ba TV-kanalane innrette seg etter norske reglar på området.

At Fox og National Geographics no har innretta si verksemd i samsvar med norske reglar betyr at ca. 15 % av den ulovlege pengespelreklamen som blir sendt til Norge frå utlandet no er stansa. Verdien av denne reklamen er estimert til ca. 91 millionar kroner årleg.

Fox og National Geographics er dei første TV-kanalane som har stadfesta at dei ikkje lenger vil sende reklame i strid med norsk lov. Når det gjeld TV-kanalane som sender frå Storbritannia har mediemyndigheiten informert om at desse ikkje vil rette seg etter oppmodinga frå norske myndigheiter om å stanse sendinga av ulovleg pengespelreklame. Det har så langt ikkje komme svar frå nederlandske mediemyndigheiter.

Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar, er svært godt nøgd med at Fox og National Geographics no innrettar seg i samsvar med norske reglar: – Dette er eit godt signal og gir oss ny energi til å fortsetje arbeidet med dei andre landa som sender ulovleg pengespelreklame. Sett i lys av skadeverknadane den ulovlege reklamen har på sårbare grupper i Norge, vil vi ta i bruk alle verkemiddel vi har for å stoppe den ulovlege pengespelreklamen. Den undergrev formålet med den norske pengespelmodellen, som er å sikre eit ansvarleg og kontrollert tilbod av pengespel, seier Hamar.

Medietilsynet har utarbeidd ein rapport til Kulturdepartementet som samanfattar de to tilsyna sitt arbeid med å stanse den ulovlege pengespelreklamen frå utlandet.