Ulovleg pengespelreklame for LeoVegas frå MrDeal
Lotteritilsynet har mottatt fleire tips fra nordmenn om utsending av ulovleg reklame for LeoVegas. Reklamen er sendt på SMS frå MrDeal.
Norske telefonabonnentar har mottatt mellom ein og fire SMS-ar på kort tid, der dei blir oppfordra til å besøke nettsida MrDeal.no for å spele hos LeoVegas. LeoVegas er eit utanlandsk spelselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel i Norge.
MrDeal.no er eigd av selskapet «Dot no nameisp nr. 52». Selskapet har no fått varsel om umiddelbart å stanse marknadsføringa og formidlinga av lotteri- og pengespel som ikkje har løyve i Norge. Varselet gjeld både SMS og nettstaden MrDeal.no.