Norske redaktørar må vere på vakt og ikkje la seg bruke av utanlandske spelselskap. Det skriv direktør Atle Hamar i ein kronikk i Dagens Næringsliv tysdag 15. september.

Å sleppe til på redaksjonelle flater er blitt ein viktig strategi for å omgå reklameforbodet. Fleire oppslag i Dagens Næringsliv dei siste dagane gir ei god oversikt over korleis utanlandske spelselskap stadig finn nye og kreative måtar å unngå reklameforbodet på.

Gjennom mange TV-kanalar som sender frå utlandet har utanlandske spelselskap funne ein motorveg inn i den norske pengespelmarknaden. Spelselskapa og TV-kanalane kjenner det norske lovverket, men dei fleste bryr seg ikkje.