Utbetaling av 52 millionar kr før årsskiftet
Lotteritilsynet har denne veka sendt ut endeleg vedtak om tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping. I alt 365 lag og organisasjonar får tilsaman omlag 52,5 millionar kroner utbetalt i løpet av desember månad. Sjå oversikt over tildelinga for 2013.
Eiga forskrift
Dette tilskotet er heimla i ei eiga forskrift frå 2009, og samla utgjer tilskotet 18 prosent av det årlege overskotet frå Norsk Tipping.
Skrivefeil i vedtaksbrevet
Vi gjer merksam på at i ein del av vedtaksbreva som er gått ut er det brukt feil kontonummer. Dette får ingen konsekvens for dei foreiningane det gjeld, Lotteritilsynet vil uansett betale ut til korrekt kontonummer.