Utsett iverksetting av vedtak i Lyoness-saka
Lotteritilsynet fatta den 31. mai 2018 vedtak om at myWorld Norway og Lyoness Europe AG umiddelbart måtte stanse all drift av, deltaking i og utbreiing av verksemda i Norge fordi verksemda er eit ulovleg pyramideliknande omsettingssystem.
Lyoness har i brev av 7. juni 2018 bedt Lotterinemnda om utsett iverksetting av vedtaket. Etter ei heilskapleg vurdering gir Lotteritilsynet utsett iverksetting av vedtaket inntil ei varsla klage er behandla av Lotteritilsynet jf. forvaltningslova § 42.
Vedtaket om utsetting blir gitt på følgande vilkår:
- Lyoness kan ikkje verve nye salsrepresentantar og lojalitetsbedrifter til omsettingssystemet.
- Lyoness kan ikkje selje rabattkupongar og delar i kundeskyer.
Lotteritilsynet har ikkje vurdert om vi vil gi vedtaket utsett iverksetting fram til ei klage er behandla i Lotterinemnda. Bakgrunnen for dette er at vi endå ikkje har mottatt ei klage som gir grunnlag for ei slik vurdering.
Lotteritilsynet understrekar at vi ser alvorleg på saka og at det framleis er tilsynets vurdering at Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsettingssystem etter lotterilova § 16 andre ledd.
Heile brevet om utsett iverksetting les du her.