Organisasjonar som kjem inn under den utvida ordninga med tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping får i år utsett søknadsfristen med ein månad til 1. oktober.

Grunnen til at Kulturdepartementet har gitt løyve til å utsetje søknadsfristen er:

  • Fleire organisasjonar vil få tid til å setje seg inn i ordninga og sende inn søknad i 2014.
  • Lotteritilsynet vil få meir tid til å informere om ordninga.
  • Organisasjonane vil få meir tid til å setje seg inn i søknadsskjema og stille spørsmål til tilsynet ved behov.

Utsetjing av søknadsfristen vil ikkje føre til forseinking av utbetaling til organisasjonane.

Søknadskjema i august
Søknadsskjema og anna informasjon om ordninga vil vere tilgjengeleg på www.lotteritilsynet.no i løpet av august i år. Den nye ordninga vart vedteken i mai, og forskriftsendringa tok til å gjelde frå 1. juni 2014.

Les meir om ordninga i pressemelding frå Kulturdepartementet.