Regjeringa vil vidareføre dagens modell på pengespelfeltet. Det går fram av stortingsmeldinga: "Alt å vinne - ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk", som blei lagt fram av kulturminister Linda Hofstad Helleland den 17. desember 2016.

St.meld. nr. 12Heilskapleg modell

– Meldinga legg opp til ein heilskapleg og robust modell for regulering av pengespel som vil stå seg i møte med den teknologiske utviklinga, seier kulturministeren.

Trygge og ansvarlege former

– Hovudmålet er å sikre at lotteri og pengespel blir tilbydde i trygge og ansvarlege former for å avgrense uheldig speleåtferd. Regjeringa meiner at dagens modell der statlege aktørar har einerett til å tilby storparten av pengespel er best eigna til å nå måla om eit ansvarleg speltilbod.  Med eit godt nasjonalt tilbod via Norsk Tipping og Norsk Rikstoto og fleire nye tiltak for å beskytte dei regulerte aktørane, gjer vi einerettsmodellen meir robust, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Les heile pressemeldinga frå Kulturdepartementet

Stortingsmeldinga er tilgjengeleg på Regjeringen.no