Blir du også slik når du høyrer ordet tilsyn?
Dette er Steffen, som representerer nokre av brukarane våre. Ja, tilsyn har gjerne ei litt streng, skummel klang. Sit du i eit styre blir du kanskje litt sveitt når det er snakk om tilsyn. Du tenker kanskje at Stiftelsestilsynet berre leitar etter lovbrot og feil. Nokre gongar avdekker vi rett nok alvorlege lovbrot og då må vi gripe inn. Men mykje av tilsynsarbeidet vårt handlar likevel om å rettleie og hjelpe Steffen og andre.
Når høyrde du sist om ein stiftelse? Var det gode nyheiter om positiv aktivitet eller var det bråk rundt misbruk av midlar og styrer som ikkje gjer jobben sin?
Norske stiftelsar representerer store verdiar med 175 milliardar i eigenkapital. Dei deler ut stadig meir pengar til gode formål i samfunnet, skaper arbeidsplassar, har mange frivillige og samarbeider tett med andre aktørar. Dette viser ei temaundersøking vi gjorde i fjor. Vi ser også at stiftelsar si frie stilling kan vere med å innovere offentlege og private tenester gjennom å spisse tema, satsingar og nye former for samarbeid.
Dei aller fleste av dei rundt 6600 stiftelsane i Noreg ønskjer å drive lovlydig og godt. Slik sett har vi eigentleg same mål. Vi skal trygge stiftelsane, og vi vil at styremedlemmane skal lukkast- helst på første forsøk.
Det særeigne med stiftelsar er at dei ikkje har eigarar, og det er formålet som skal ligge til grunn for styret sin innsats og aktivitet. Her er det handlingsrom, og gode rutinar hjelper og sikrar styret til å drive lovleg og godt til beste for formålet.
Sjølv om dei fleste vil drive lovleg og innanfor krava, ser vi at det er varierande kunnskap i styra om kva som skal til for å få det til. Derfor er også førebyggande tilsyn eit viktig satsingsområde for oss. Vi arbeider for å nå flest mogleg med informasjon og kunnskap som trengs for å ta gode val og halde seg innanfor lova. Derfor har vi eigne temasider på nettsidene våre, og ein sjølvtest der Steffen og andre kan sjekke korleis dei ligg an med styrearbeidet. I desse dagar sender vi også ut eit informasjonsbrev til 3500 nye styremedlemmar, og tilbyr dei ei eiga temaside og videoar med informasjon som kan hjelpe dei i gong med arbeidet.
Ved å gjere informasjon lett tilgjengeleg kan vi effektivt nå alle dei som ønskjer å drive godt, og hjelpe dei til sjølvhjelp. Det betyr også at vi kan konsentrere oss om dei som bevisst bryt lova i alvorlege saker der konsekvensane kan bli store.
Eit ønske om å gjere ting riktig er likevel ikkje ei kvilepute. Det ikkje berre tanken som tel. Som styremedlem har du sjølvsagt plikt til å setje deg inn i ansvar og plikter du har. Og godt styrearbeid er godt styrearbeid, uansett om du er styremedlem i ein stiftelse eller i ei anna eining. Det er viktig å få grunnmuren på plass. Lukke til!
(Illustrasjon Trond Kulterud, Han som Tegner)