Er du nyleg blitt styremedlem i ein stiftelse? Vi vil hjelpe deg i gong. Her finn du eit par videoar som gir deg ei kort innføring i styrearbeid og stiftelsesretten. Du finn også ti viktige tema du bør sette deg inn i som styremedlem i ein stiftelse.

1. Kjenneteikn ved stiftelsar

  • Stiftelsar er utan eigarar. Det er formålet som “eig” stiftelsen.
  • Ein stiftelse er meint å være uforanderleg og må ha ein viss varigheit.
  • Formålet til stiftelsen skal alltid stå i vedtektene.
  • Når styret behandlar og avgjer saker, er det utelukkande formålet og interessene til stiftelsen de skal ta vare på. De kan ikkje bruke stiftelsens ressursar og kapital til noko anna enn å ta vare på formålet.

Les mer om kva som kjenneteiknar stiftelsar.

2. Styret er stiftelsens øvste organ og er ansvarleg for organisering og drift

  • Alle i styret skal samarbeide til det beste for stiftelsen og har same plikter, rettar og ansvar.
  • Styret bør ha rett kompetanse til å aktivt leie stiftelsen og fastsette nødvendige planar og kontrollrutiner. Dette for å sikre at formålet og kapitalen blir tatt hand om på ein forsvarleg måte.
  • Stiftelsar er organisert med styret som øvste organ, men kan i vedtektene også ha andre organ med avgrensa mynde, for eksempel til å velge styret, fastsette styregodtgjerelse mm.
  • Styret kan tilsette dagleg leiar, som skal følgje retningslinjer frå styret.

Sjå i stiftelseslova § 30 og § 36.

3. Styret må følge stiftelsens vedtekter og stiftelsesloven

  • Vedtektene og stiftelseslova er dei viktigaste styringsverktøya de som styre har. Gjer deg godt kjent med begge delar, slik at du veit kva bestemmelsar styret må følge.
  • Du kan søke opp stiftelsens vedtekter i Stiftelsesregisteret.

4. Styret må sikre at stiftelsens formål blir tatt hand om

  • Styrets viktigste og overordna oppgåve er å sørge for at stiftelsens formål blir tatt hand om og blir gjennomført. Dette gjeld både på kort sikt (for eksempel utdeling) og på lang sikt (forvaltning av formua), og skal vere i samsvar med vedtektene.
  • Når de skal tolke formålet, skal de legge vekt på kva opprettar la i formålet.
  • For å kunne gjennomføre formålet på ein god måte, er det viktig at de har ein plan for korleis dette skal gjerast.

Les meir i stiftelseslova § 30.

Les korleis du kan realisere formålet i stiftelsen.

5. Kapitalen i stiftelsen skal forvaltast på ein forsvarleg måte

  • Styret har ansvar for at stiftelsens kapital blir forvalta på ein forsvarleg måte. Det betyr at det til ein kvar tid skal takast tilstrekkeleg omsyn både til sikkerheita og moglegheitene for å oppnå ei tilfredsstillande avkastning.
  • Lag ein plan som kan vere eit styringsverktøy for korleis styret skal forvalte stiftelsens midlar forsvarleg.
  • Vær obs på at vedtektene kan gi føringar om kor kapital skal plasserast, og korleis eventuell avkastning skal handterast.
  • Forvaltning betyr også å sikre midler på andre måtar enn rein plassering av kapital, som for eksempel vedlikehald for å bevare eigedom.
  • Sjølv om de brukar eksterne kapitalforvaltarar, har styret likevel det overordna ansvaret.

Les om krav til kapitalforvaltning i stiftelsar.

Les meir i stiftelseslova § 18 og § 30.

6. Styret må ha ein forsvarleg organisering av styrearbeidet

  • Godt styrearbeid er å arbeide systematisk etter eit årshjul.
  • Styret må ha ei forsvarleg organisering av styrearbeidet og skal behandle saker i styremøter. Møter kan skje både fysisk og digitalt.
  • Det er i utgangspunktet det samla styret som skal behandle saker og ta beslutningar. Stiftelsesloven inneheld reglar om kor mange som må vere til stades for at styret skal kunne fatte vedtak og krav til at fleirtalet av dei som deltar har stemt for. Vedtektene kan stille strengare krav.
  • Styret vel styreleiar, hvis ikkje anna står i vedtektene. Styreleiaren har eit lovpålagt ansvar for at aktuelle saker blir styrebehandla og at saksbehandlingsreglane blir fulgt.
  • Ei forsvarleg organisering av styrearbeidet inneber også at styret har rutiner og rapportering, som sikrar at styrets beslutningar er i samsvar med lov, vedtekter og instrukser.
  • Vi anbefaler at de utarbeider ein skriftleg styreinstruks om styrets arbeid og saksbehandling. Dette er eit verktøy som gir føringar og rammer for styrets organisering og forvaltning. Ein slik styreinstruks kan også ha rutinar for å handtere inhabilitet, usemje eller personkonfliktar, noko som vil kunne virke forebyggande.
  • Styremedlemmar skal sitte i styret i fire år om det ikkje er bestemt noko anna i vedtektene. Du skal uansett bli i vervet fram til eit nytt styremedlem er valt.

Her kan du teste om stiftelsen har kontroll på styrearbeidet.

Les meir om styrearbeid i stiftelsar. Les også om styrets saksbehandling i kapittel 4 i stiftelseslova.

7. Styret må vere klar over lojalitetsplikta og reglar for habilitet

  • Når du er med på å gjere beslutningar, skal du alltid ha stiftelsens interesser i tankane. Du skal være lojal mot stiftelsen og stiftelsens formål.
  • Styret bør ha rutiner for vurdering av inhabilitet. Dette bidreg til å sikre tillit til avgjerslene de tar, og det vernar dykk mot at det blir sådd tvil om lojaliteten.
  • Dersom styret skal behandle ei sak der du eller nærstående av deg kan ha ein framtredende personleg eller økonomisk særinteresse, må du varsle styret slik at habiliteten blir vurdert. Dersom du er inhabil, kan du verken delta i førebuingane, styrebehandlinga eller avgjersla av den aktuelle saka. Det er viktig at det går fram av styreprotokollen at du har trekt deg tilbake som inhabil.
  • Dersom du har stilling i eller tillitsverv hos nokon som har ei framståande særinteresse i ei sak som skal behandles i stiftelsens styre, vil du også vere inhabil.

Les meir i stiftelseslova § 37.

8. Stiftelsen skal levere revidert årsrekneskap innan 31. juli kvart år

  • Stiftelsen har rekneskaps- og revisjonsplikt. Stiftelsens revisor må være statsautorisert. For nokon stiftelsar kan kommune- og fylkesrevisjonen velges som revisor.
  • Styret har det overordna ansvaret for at rekneskapet blir ført og revidert.
  • Revisor er ein uavhengig instans som fører kontroll med styrets arbeid, og revisor sender kopi av sine brev med påpeikingar til Stiftelsestilsynet.
  • Stiftelsen skal sende årsrekneskap og revisjonsberetning til Regnskapsregisteret innan ein månad etter at årsrekneskapen er klart, det vil seie seinast 31. juli. Dersom innleveringa skjer etter fristen, får stiftelsen eit forsinkelsesgebyr som styrets medlemmar kan bli gjort ansvarlege for.

Sjå i stiftelseslova § 30, regnskapsloven § 1-2, § 8-2 og § 8-3, samt revisorloven § 2-1.

Les også om gebyr og avgift.

9. Endringar i styret skal meldast til Brønnøysundregistrene

  • Styret må sørge for at registrerte opplysningar i offentlige registre er oppdatert.
  • Om det er registrert feil opplysningar om stiftelsens adresse, kven som sit i styret, kven som er revisor osv. har opplysningane liten verdi.
  • Du melder endringane via samordna registermelding i Altinn til Brønnøysundregistrene.

Sjå stiftelseslova § 8.

10. Dersom stiftelsen må endrast (omdannes), finst det eigne reglar for dette

  • Sjølv om eit av kjenneteikna ved ein stiftelse er at den er uforanderleg, kan det bli nødvendig å endre den. Difor har stiftelsesloven reglar for det som er kalt omdanning.
  • Det er også mogleg å endre stiftelsens formål dersom dette ikkje kan oppfyllast. I slike tilfelle er det styrets ansvar å gjere noko.
  • Dersom styret meiner det er nødvendig å endre vedtektene, slå stiftelsen saman med ein annan stiftelse eller oppheve stiftelsen, kan stiftelsen søke om dette. Det gjer de via samordna registermelding i Altinn. Stiftelsestilsynet tar stilling til om stiftelsesloven og stiftelsens vedtekter opnar for at omdanninga kan godkjennast.

Les meir i stiftelseslova kapittel 6.

Les meir om korleis endre ein stiftelse.