Snart har eg min siste arbeidsdag i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Så kva hugsar eg best frå denne tida? Ingen tvil. Det var møtet med sinte og slitne speleavhengige i Anonyme Gamblere.

Året var 2001, og Lotteritilsynet var nytt. Framfor oss låg arbeidet med å  få kontroll over ein uoversiktleg marknad med langt over 20 000 gevinstautomatar. Mange stader snakka vi om reine mini-kasino som folk måtte passere anten dei ville eller ikkje. Det galdt også speleavhengige, og mange av dei hata synet av automatane.

På denne tida fekk eg kontakt med Helge. Han var ein av mange som hadde fått store problem ved å bli hekta på gevinstautomatar. Eit nytt lotteritilsyn var eit glimt av håp i ei motlaus verd for Helge og andre i hans situasjon.

Helge meinte det nye Lotteritilsynet burde ha førstehands kunnskap om kva det verkeleg vil seie å vere speleavhengig. Kva dei speleavhengige sleit med, korleis dei tenkte. Difor ordna Helge det slik at vi fekk besøke Anonyme Gamblere  i to norske byar. Det vart to kveldar eg aldri vil gløyme.

Sinte, unge menn

Mynt - Anonyme Gamblere

Mynt – Anonyme Gamblere

I den eine byen møtte eg og ein kollega ei forsamling av det eg vil kalle sinte, unge speleavhengige menn. Dei var rasande på styresmaktene som med opne augo let slike aggressive automatar stå overalt i landet vårt.

Lotteritilsynet vart skyteskive for aggresjonen, men vi klandra dei ikkje. Dei hadde lov å vere forbanna.

I den andre byen var stemninga på AG-møtet ei heilt anna. Dei speleavhengige her var gjennomgåande eldre, og dei var slitne. Dei var rett og slett trøytte av å kjempe mot overmakta, det vil seie alle automatane som dei møtte i matbutikken, i kiosken, på bensinstasjonen, når dei var på puben eller reiste med ferja.

Dei litt eldre speleavhengige hadde berre eit kortsiktig mål. Det var å komme seg gjennom endå ein dag utan å sprekke. Så fekk no heller automatane stå der dei stod.

Han orka ikkje meir

Som regel må vi som jobbar i det offentlege forhalde oss til speleproblem i form av tørre tal i  statistikkane. I byen der vi møtte dei sinte, unge mennene, møtte vi ein mann som hadde spelt vekk alt han eigde. Nokre månader seinare var han borte.

Eg kjem aldri til å gløyme den unge mannen som enda opp som eit nummer i sjølvmordsstatstikken.

Mange har sterke meiningar om norsk pengespelpolitikk, og det er greitt. Men ein del av desse ville etter mitt syn ha godt av å møte speleavhengige ansikt til ansikt. Ikkje minst tenkjer eg då på norske kjendisar som sel namnet sitt til utanlandske pengespel. Dette er spelselskap som ikkje går av vegen for å lokke tilbake kundar med tilbod om gratis spel. Nokre av desse kundane er speleavhengige som kan ha tatt eit val om ikkje å spele lenger.

Eg har eit godt eksempel på kor skjør kampen for å halde seg spelefri kan vere. Helge, som eg nemnde, fortalde at han ein gong sende ein artikkel om speleavhengigheit til ei større norsk avis. Som honorar sende avisa fem Flax-lodd i posten.

Dei fleste av oss kan smile av ei slik historie. Men for Helge var dei fem lodda blodig alvor. Skrape eller ikkje skrape? Han gav Flax-lodda vekk. Så kom han seg spelefri gjennom den dagen også.

Ei bøn om ro i sinnet

Dagen i dag. Lenger perspektiv har ikkje mange av dei speleavhengige som søkjer styrke gjennom fellesskapen i Anonyme Gamblere. Dei minner seg sjølve om dette på ein mynt dei har. På den eine sida står den kjende bøna om sinnsro. Den heiter Serenity Prayer på engelsk, og ho lyder slik:

God, grant me the serenity to accept the things I cannot change,
courage to change the things I can,
and wisdom to know the difference
.

På den andre sida av mynten står det enkle målet som vart utfordra då Helge fekk Flax-lodd i posten:

One day at a time.