Mange tek kontakt med oss og spør om dei kan arrangere «gratislotteri». Men kva er eigentleg eit gratislotteri?

Ofte ynskjer næringsdrivande å lodde ut ein gevinst til kundar som har handla hos dei. Dette skjer gjerne i samband med eit anna arrangement som til dømes ein butikk eller eit handlesenter har. Dei vil skape blest rundt arrangementet ved å lokke med ein gevinst. «Handlar du hos oss i dag, er du med i trekninga av ein tilhengar full av varer.»

Då ringer dei gjerne oss og lurer på om dette er greitt. Det er fint at dei ringer og spør, men svaret er som regel enkelt. Koster det ikkje noko å delta, så er det per definisjon ikkje eit lotteri.

Tre vilkår for lotteri

Det er tre vilkår som må vere til stades for at det skal vere eit lotteri:

  • Det må koste noko å delta (innskot).
  • Det må vere heilt eller delvis tilfeldig kven som vinn
  • Det må vere ein gevinst

Desse tre vilkåra må alltid vere oppfylt for at aktiviteten er eit lotteri.

Så om den butikksjefen tar høgre pris for ei vare enn vanleg pris, så er det innskot. Tar du vanleg pris, er det ikkje eit innskot. Med andre ord er det fritt fram å halde gratislotteri så lenge du ikkje betalar for å delta. Då er det ein konkurranse, ikkje eit lotteri.

Kva med konkurransar i digitale kanalar, SMS eller post?

Det same reglane gjeld i digitale flater, der det florerer med ulike konkurransar. Vi legg oss ikkje opp i lik og del konkurransen på Facebook så lenge det ikkje er eit lotteri.

I 2012 sendte vi ut eit informasjonsskriv til aktørar i marknaden der vi informerte grundig om når konkurransen blir eit lotteri. Her går vi meir detaljert inn på korleis ein skal tolke dei tre vilkåra i ulike samanhengar.

Er porto og SMS-takstar definert som innskot? Kva er eigentleg skilnaden på tilfeldig utfall og delvis tilfeldig utfall? Og kva betyr det at att ein gevinst må ha ein økonomisk verdi? Er du usikker på desse tinga kan du lese meir i informasjonsskrivet eller spørje meg i kommentarfeltet.