Tidene endrar seg. No går også Lotteri- og stiftelsestilsynet over til å sende post til våre brukarar digitalt – ikkje på papir. Er du klar?

Mange er nok det, medan andre synest dette er uvant og vanskeleg. Det har vi respekt for. Mykje har endra seg over kort tid, men denne overgangen skal gå greitt. Dette er både trygt og enkelt for deg.

Kontrasten til nær fortid er slåande. Mengda brevpost i Norge er halvert sidan toppåret 1999. Endringane har vore store også på andre område. Sjølv minnest eg til dømes godt innføring av betalingskort. Eg skjønte vel ikkje heilt vitsen sidan vi hadde både sjekk og kontantar. Eg opererte med runde summar og hadde god kontroll på privatøkonomien.

Telefoni er eit anna område som har endra seg dramatisk. Og med Internett har samfunnet endra seg på ein måte som ikkje er til å kjenne att for dei som har levd ei stund. Våre liv er blitt digitale og vi ser eit komplisert samspel mellom teknologi, samfunn og organisasjon. Vi deler kunnskap, informasjon og nettverk. Alle må tilpasse seg dette – også det offentlege.

Krav til utvikling

Difor er digitaliseringsarbeid eit stort satsingsområde i Lotteri- og stiftelsestilsynet, og vi arbeider for å etablere gode løysingar både for brukarar og tilsette. Storting og regjering krev at vi som statleg etat utviklar oss, og at vi effektiviserer der det er mogleg. Fornying, forbetring og forenkling er strategiske omgrep som vi skal jobbe mot, og det gjer vi etter beste evne.

Eit av fleire tiltak hos oss er altså å sende post digitalt til alle våre brukarar som lag, organisasjonar og verksemder – i tillegg til privatpersonar. Dette er i tråd med regjeringas digitaliseringsprogram som seier at digital kommunikasjon skal vere førsteval i samhandlinga mellom det offentlege, innbyggjarar og næringsliv.

Sjølv om vi er pålagde å innføre digital post, så ser eg berre positive konsekvensar. Det er miljøvenleg, ressurssparande, raskt og effektivt. Du som brukar har brevet i posten så snart det er sendt, og ikkje minst, du veit kor du finn det.

Glede og pågangsmot

Som leiar av administrasjonen har eg ansvar for arkiv og post i tilsynet, og det betyr i praksis at eg står ansvarleg for innføringa av denne nye digitale tenesta. Det er kjekt å kunne slå fast at tidlegare  skepsis til den digitale utviklinga, no er erstatta med pågangsmot og glede over at vi kan tilby nok ei nyttig og effektiv digital teneste.

Eg er heilt sikker på at det er fleire som tenkjer som eg gjorde då vi fekk betalingskort, men eg er like sikker på at vi snart ikkje har eit alternativ til digital kommunikasjon. Vi er i endring heile tida, vi må berre bli klar over det først.

Kva betyr så dette for deg?

  1. Posten vil bli distribuert frå oss via tenesta SvarUt til meldingsboks i Altinn og til den enkelte sin postkasse hos Digipost eller eBoks.
  2. Lag, organisasjonar og verksemder kan lese dokument elektronisk i Min meldingsboks på Altinn via rolla Post/arkiv. Varsel blir sendt på sms eller e-post.

Merk deg at dokument som ikkje er opna i Altinn to yrkedagar etter at dokumentet er tilgjengeleg i meldingsboksen, blir skrivne ut og sende via Posten. Det er dessutan mogleg å reservere seg mot å få post digitalt.