Enten du gir ein del av formuen til eit formål du brenn for, eller om du ønsker å realisere ein aktivitet, er det lurt å tenke gjennom nokre moment før du opprettar ein stiftelse.

Då eg begynte å arbeide i Stiftelsestilsynet, var det spennande å få innsikt i engasjementet som låg til grunn for stiftelsane som var oppretta. Dette engasjementet er framleis til stades i dag, og kan resultere i nye spennande stiftelsar.

Ein stiftelse er «evigvarande»

Ein stiftelse er ein organisasjon som har eit bestemt formål og som ikkje har eigarar. Formålet kan vere å dele ut pengar til eit god formål eller å drifte ein aktivitet. Stiftelsen er meint å vare i lang tid og det skal difor mykje til for å endre den. Når du opprettar ein stiftelse, er det derfor viktig å tenke godt gjennom korleis ein utformar vedtekter og formål.

Kva skal vere formålet til stiftelsen?

Når du opprettar ein stiftelse er kanskje det aller viktigaste kva formål stiftelsen skal ha. Dette fordi det er strenge vilkår for å endre formålet etter at stiftelsen er oppretta. Som opprettar er det og viktig å vite at stiftelsen ikkje kan tilgodesjå deg eller dine nærståande. Dette gjeld og om det er eit selskap eller ein foreining som opprettar stiftelsen. Dersom formålet er å tilgodesjå opprettar sitt arbeid, bør ein først søkje råd hos Stiftelsestilsynet. Vi kan svare på om dette er mogeleg før stiftelsen vert oppretta.

Kven skal sitte i styret?

Det neste du må tenke på er kven som skal sitte i styret og korleis dette skal veljast. Det første styret vel stiftelsen ved opprettinga, men like viktig er det å definere korleis styret skal veljast i ettertid. Skal sittande styre velje eigne medlemmar, eller skal opprettar eller ein organisasjon velje styremedlemmane. Etter lova er styreperioden fire år, men vedtektene kan angi både kortare og lengre periode.

Kan stiftelsen ha årsmøte?

Styret for stiftelsen er øvste og einaste organ som lova krev, men stiftelsen kan ha andre organ, som for eksempel eit årsmøte. Sjølv om styret er øvste organ seier lova kva oppgåver som kan leggast til eit årsmøte. Dette kan for eksempel vere å velje styremedlemmer, godkjenne endring av vedtektene og å vedta størrelsen på styregodtgjersle. Dersom ein vel å ha årsmøte er det også viktig å bestemme kven årsmøtet skal bestå av.

Kostar det noko å opprette ein stiftelse?

Minstekrav til grunnkapital (startkapital) er kr 100 000,-. For stiftelsar som skal drive næring er kravet kr 200 000. Er dette tilstrekkelig? For å kunne svare på det spørsmålet må ein vite kva formålet er. Dersom det er eit legat  der avkastninga skal brukast, er nok beløpet for lite. Dersom formålet er å realisere ein aktivitet der stiftelsen har inntektsbringande arbeid, eller samlar inn gåver, kan det vere tilstrekkeleg. Dette er spørsmål de må tenke gjennom ved oppstarten av stiftelsen.

Korleis endre vedtektene seinare?

Det kan vere mykje å tenke gjennom før ein opprettar ein stiftelse. Stiftelsar skil seg frå andre organisasjonsformer ved at lova stiller krav til vilkår før vedtektene kan endrast, og spesielt om formålet kan endrast. I ei foreining er det årsmøtet som endrar vedtektene og i eit aksjeselskap er det generalforsamlinga. I ein stiftelse er det til sist Stiftelsestilsynet som godkjenner alle endringar, og vi må halde oss til lova når vi gjer våre vurderingar.

Min oppmoding er å tenke godt gjennom formål og aktuelle problemstillingar når du skal opprette ein ny stiftelse. Still gjerne spørsmål i kommentarfeltet om du lurer på noko.  Kontakt oss også her.

Her kan du få meir informasjon om korleis du opprettar ein ny stiftelse.